Korleis bestille varer
Klede og størrelsar
T-skjortene våre er laga av 100% organisk bomull. Dei kjem i fleire størrelsar: Small, Medium, Large og XL. Ver vennleg å oppgje størrelse i bestilling. Modellane våre på bileta har på seg Medium. T-skjortene er produsert av KiM i Knarvik. OBS! Størrelsane kan variera med 2cm i breidda og 2-3cm i lengda.
Small: B:51cm, H:59cm
Medium: B:52cm, H:61cm
Large: B:59cm, H:64cm
XL: B:62cm, H:65cm
Korleis bestille
Grunna begrensa tilgang på fancy verktøy, har me laga ei forenkla bestillingsmetode hos oss. Me følar den også vert meir personleg, da robotar og anna automatikk ikkje er involvert. Derfor er bestillinga eit fritt tekst-felt der du må skrive inn kva du ønskjer, kor mykje av det og i kva størrelse. Det er også muligheit for å legge inn spørsmål og/eller kommentarar i samme feltet.
Etter dette er lagt inn vel du leveringsmetode. Så ber me deg leggje inn e-post og telefonnummer, og om du ønskjer ei kvittering. Det neste me ber om, er at du ligg inn adresseinformasjon og namn. Då er me sikker på at det kjem riktig fram.
Betaling
Me godtar Vipps som betaling. Me sender ut eit Vipps-krav så fort me er klare til å sende varen til deg. Dersom du vil hente på Radøy, kan vi også ta kort/kontant betaling. Dette avtaler vi i så fall nærare. Når betalinga er utført, sender me pakken med posten.
Bestillingar
Me behandlar bestillingar fortløpande, manuelt. Dersom du ikkje høyrar frå oss innan 2-3 arbeidsdagar, så gje oss ein lyd på shop@felabale.no.
Frakt
Pakken blir pakka av oss, og send med Posten. Dette tar me 100kr for å gjere, og det tar vanligvis 2-5 dagar å sende pakken. Me nyttar Posten sin teneste: Norgespakke. Les meir om dette på posten sine heimesider, her.
Du kan også kome og hente pakken i Austmarka på Radøy. Dette kostar ingenting.
Feil størrelse, defekte ting
Pass på at du sjekkar størrelsene sånn at du bestillar noko som passar. Me kan alltids byte T-skjorta, men då må man sjølv koste frakta av det. T-skjorta må vere i like god stand som når du mottok T-skjorta.
Defekte CD-ar erstattar me. Ta kontakt på shop@felabale.no dersom du opplevar problem med CD-ar.