Velkommen inn i Fela Bale si verd!
Hallaisiken!
No smell da!
Gjer deg klar for eit rockeband med ein litt anna vri enn dei fleste andre. Her snakkar me drivande rytmeseksjon, synthesizer, trekkspel og innslag av andre spenstige tonar. Det vert disko, 80’s pop, hard rock, ompa og anna hopp og sprett. Så kom inn og høyr!
Ka va da du sa?
Alle tekstane våre er skriven på dialekt; ekte Strilamål! Når våre forfedre først skulle finna på å busetja seg “nordom brune”, så vart det naturlig å skriva tekstane våre om lokalsamfunnet og det å vera ungdom i litt meir grønare strøk enn Bergen Sentrum. Då er det også naturlig å syngja songane våre nett som me snakkar.
Heimalaga, alt!
I dagens musikkverd er det ikkje lenger nødvendig med utstyr til mange hundre tusen. Me både spelar inn songane sjølv, samt skrur på knappane når alt skal kokast ilag. Det er dette som gjer at berre Fela Bale høyrest ut som Fela Bale!
Musikken vår
Lurar du på kva musikk me spelar? Sjekk ut sida med utgjevingar.
Kontakt oss
Ønskjer du å kome i kontakt? Send oss ei melding på kontaktsida vår.